Hovudsponsor

NIF: Null mobbing i idrett!

138 støttarar har me no!

Me er for reine idrottslag

Følg IL Viljar på

Alle veit at på fanen vår står det 13.9.1933, men veit de noko meir enn det? Det har ein tenkt å gjera noko med no!

Her har me tenkt ei god stund på kva som ville vera det beste å leggja ut i høve den spennande historia til IL Viljar. Etter ein god del tenkjing og dialog kom ein på at ein kunne leggja ut talen til Knut Bakketun laga til 70-årsjubileet 13.9.2003 i Grimshalli. Dette vart godkjent av artikkelforfattaren / talaren sjølv i midten av september 2012 - omtrent eitt år før 80-årsjubillet vårt.

Du finn talen i pdf-format her. Avsnitta og overskriftene er ordna av Trond J. Rønning med godkjenning av artikkelforfattaren. God lesing...for dette er verkeleg god lesing for dei som har lyst til å vita litt om IL Viljar si historie i form av ein flott tale! Når ein les talen ønskjer ein nestan heilt sikkert at ein hadde vore der sjølv - om ein ikkje var så heldig.

Men det er altså berre å byrja og børsta av finkleda, Viljar-godtfolk - for den 13. september i 2013 vert me 80 år(:-D)