
Fotballstyret i Viljar har utarbeida ein sportsplan som skal vere eit hjelpemiddel for trenarar, lagleiarar, foreldre, spelararog andre ressurspersonar som er involvert i klubben. Sportsplanen gir retningslinjer som er forankra i klubben sitt styre, og er difor eit styrande dokument som klubben sine medlem og bidragsytarar skal forhalda seg til. Me ynskjer å formidle sunne og gode verdiar for all aktivitet, både på og av bana og me håpar å kunne utvikle ei forståing for lagspelet i det mangfaldet fotball utspelar seg i. Viljar har gode forutsetningar til å verte ein leiande klubb både innan spelarutvikling og breiddefotball i vårt nærområde. Klubben har i dag eit flott anlegg, med ei nye kunstgrasbane. Med ein sunn økonomi ynskjer me å fortsette å utvikle anlegget vårt slik at me heile tida tek nye steg. Me håpar og trur at sportsplanen skal kunne bidra til ein heilskap i arbeidet vårt og auka ME-kjensla i Viljar. Planen skal godkjennast av styret i IL Viljar. Innspel til sportsplan gjev ein til Fotballstyret. Me ynskjer alle som er engasjert i klubben lykke til med arbeidet.