Det er flott å kunna tilby våre medlemmer i IL Viljar eit klubbhus til bruk i ulike samanhengar, dette er eit samlingspunkt for idrottslaget. Me er og stolte av å kunna leiga ut lokala til andre, då dette er med på å hjelpe oss med økonomien og drift av huset.

Nedanfor har me lagt link til leigekontrakt/husreglar og prisliste.

Sjå i kalendaren, der finn du ut om huset er ledig.

Kontakt oss på klubbhuset.viljar@gmail.com dersom du ynskjer å leiga.

Det vert sendt ut faktura for leiga i etterkant. Fakturaadresse må sendast på mail til oss.

Utleigeprisar

For å leige Klubbhuset kontaktar du ansvarleg for utleige,
det gjer du ved å sende e-post til klubbhuset.viljar@gmail.com
På førehand kan du sjå i kalendaren om huset er ledig.
Dersom du ynskjer å reservere huset for internt bruk i idrottslaget, skal også dette gjerast via e-post.
Pris for å leige fredag, laurdag eller sundag og vekedagar i tilknyting til heilagdagar og høgtider kr.3000,-
Ynskjer du å leige klubbhuset fredag-sundag er det kr.3500,- Pris for å leige vekedagar kr.1500,-
Ynskjer de å leige klubbhuset over ein lenger periode eller andre tider enn det som er nemnt ovanfor ta kontakt for pristilbod.
IL Viljar har lydanlegg og videokanon som kan leigast ved arrangement i klubbhuset for kr.500,-

Leigekontrakt/husreglar

 

Reglar for leige av Klubbhuset til konfirmasjon, der det ev. kan verta konflikt mellom to eller fleire medlemer som ynskjer å reservera same dagen:

Frist for å melde interesse for medlemer i Viljar som skal ha konfirmasjon og få fyrsterett til Klubbhuset er 1. september året før. Etter denne dato vert det fyrstemann til mølla, uansett om det gjeld medlemer av laget eller ikkje. Dei eller den medlem som har meldt si interesse innan 1. september frå leiga huset, eller vert med i trekninga om å få leiga dersom fleire har meldt si interesse på same dagen.

Har de spørsmål til dette, eller andre henvendelsar til utleige; ta kontakt med klubbhuset.viljar@gmail.com