Historien

Tale på Viljar sin 70-års jubileumsfest i Grimshalli, 13.09.2003 Tala og laga av Knut Bakketun (overskrifter og avsnitt laga av Trond J. Rønning)

Gode Viljarar , gjester og anna godtfolk.
Eg takkar for den stora æro det er å få snakka til denne flotte forsamlinga. Sidan dette er ein jubileumsfest , passer det med litt historiske tilbakeblikk , og nokre utvalde drypp frå Viljarsoga. Laget sin alder har , som mange av dekan veit , gjort at me har jubilert med litt ujamne og ulogiske mellomrom. 25-årsfesten vart halden i 1970 , for då trudde me at Viljar vart skipa i 1945. Heldigvis klarde ein vaken Lars Melve å klara opp i denne mistydinga : ”Naor 2 lag slær seg i hopa te eitt , ska aldoren reknast frao skipingsdatoen te da eldsta laje”, sa han. Sidan både Palmafossen il og Kyte il vart skipa i 1933 , kunne me plutseleg feira 50 år i 1983 ,60 år i 1993 , og altså 70 år no i 2003.
Eg har tenkt at eg skal ta dekan med på ei kjapp reise gjennom desse 70 åra. Sjølv om eg etter kvart er relativt gamal , so har eg likevel ikkje opplevd alt dette sjølv. Eg tenkte difor å gjera det slik at når det gjeld den første tida , dvs. frå 1933 til ca 1950 må eg støtta meg til det eg har høyrt frå andre , og det eg har lese i gamle protokollar o.l Frå 50-åra og framover kan eg fortelja om litt meir sjølvopplevde ting. Eg kjem til å bruka mest tid på den eldste delen , då eg reknar med at det er den perioden som er mest ukjend for dei fleste.

For å starta med starten : Palmafosen il (PIL) vart skipa 13.09.33
Grunnen var at eldsjeler på Palmafossen ville bygge seg idrottsplass , og då måtte dei først ha eit idrottslag. På skipingsmøtet teikna det seg 42 medlemer. NB! Berre karar. Første formannen var Nils Drøgsvold (handelsmannen). Han sat til 1938 , då han vart avløyst av Olav Midthun. Det vart danna nemnder for : Fotball , ski og friidrott , samt plassnemnd og ettersynsnemnd. Medlemspengane var 2,- kr for vaksne og 50 øre for born. Kostnadsoverslaget for opparbeiding av idrottsplassen lydde på kr 4.225,Dette var basert på ei arbeidsløn på 6,- kr/dag og 700 dagsverk utrekna etter vante arbeidsfolk. Det vart søkt Staten om tilskot på 1,50 kr/dag for å kunna nytta arbeidlaus ungdom. Grunnleiga til Forsvaret var 5,- kr året. I 1934 vart det tatt opp eit lån på kr 500,- i Voss Sparebank for å gjera ferdig plassen , 5 mann kausjonerte!!! Plassen vart tatt i bruk til fotball våren 1935 , men løpebanar mangla. Det var slutt på pengane. Det kan også nemnast at den første lagsfesten vart utsett , for enkelte medlemer meinte at det ikkje sømde seg for eit idrottslag å ha fest.
Men dei driftige medlemene tenkte ikkje berre sommaridrott. I 1936 vart leigeavtale om bygging av Tønabakken underskriven. Hoppbakken , som låg om lag 100m innafor der som Gunnar og Trude Bråten bur i dag , vart ferdig i 1937. Samtidig vart det bygt omklednings,og reiskapshus ved idrottsplassen. Det at eit sopass lite lag hadde både eigen idrottsplass og hoppbakke var eit særsyn i dei dagar. Dette var starten på Palmafossen.

Kyte IL
Men dei var ikkje stort dårlegare på Kyte. Kyte il vart skipa 01.12.33 (Det er sagt at Norheim ski- og ballklubb kom i gang året før , men det er visst uoffisielt) Første formannen i Kyte il heitte Olav Trå. Og for å sitera ein av eldsjelene Lars Draugsvoll (Vårdalen) : Laget var lite , men godt. Medlemstalet dei første åra låg på 30-40stk , berre karar!!! Ski og friidrott var laget sine hovuddisiplinar , med litt fotball på si , som det er sagt. Sjølv om det var ein del einskildutøvarar som framheva seg , var det spesielt innan stafettar og lagidrott dei gjorde det best. Som ein kuriositet kan det nemast at det i 1938 kom førespurnad frå il Ørnar om samanslåing med Kyte il , men dette vart det som kjent ikkje noko av.

Kyte Grendabad
Ei anna storhending i grenda som er nær knytt til idrottslaget , er skipinga av Kyte grendabad i 1938. Byggenemnda var samansett av 3 frå Husmorlaget og 3 frå Kyte il. For å skaffa pengar vart det halde utloddingar og festar. Det vart søkt om tilskot , Gardbrukarane gav materialer , hedlebergsarbeidarane skifer på taket , og det vart gjort mykje dugnadsarbeid. 10. januar 1940 vart badet teke i bruk. Og for igjen å sitera Vårdalen : ”Badet har vore kontinuerleg i drift heile året , kvar fredag for karane og annakvar torsdag for kvinnfolka. Det er sagt at dette er einaste grendabadet som er i drift heile året i heile Vossaveldet”.

Krigen kom
Så kom krigen , og lagsarbeidet låg nede i 4-5 år. I PIL sin styremøteprotokoll frå 26.11.41 står det kort at : ”Lagsarbeidet skal innstillast til det atter vert fredlege tider”.

Fred
Fredlege tider kom , optimisme og tiltakslyst blomstra , og so også lysta til idrottsaktivitetar. I PIL vart det halde styremøte alt den 31.05.45, og det vart då avgjort å ta opp att lagsarbeidet. På neste styremøte vart det handsama brev frå Kyte il om samanslåing. Det er sagt i det var Kåre Hårklau , som seinare skulle verta ein av Viljar sine store søner , sitt forslag. Alle i styret var for samanslåing , og på eit møte mellom dei 2 styra her i Grimshalli den 05.10.45 vart det semje om samanslåing. Jubileumsfesten her i dag føregår altså på historisk grunn. Endeleg samanslåing vart stadfesta i sammøte i meierisalen på Ygre den 14.10.45. Lars Draugsvoll (Vårdalen) vart vald som den første leiaren , med Olav Midthun som nestleiar. Ein annan stor milepel vart markert på dette skipingsmøtet , for første gong kom jentene med i lagsarbeidet!!! Solveig Bakketun (mor mi) vart vald til å arbeide for oppretting av ei turngruppe for jenter.

Kva skulle ”storlaget” heita?
Dermed var det nye ”storlaget” i drift , men kva skulle det heita? Mange lurer på kva namnet Viljar kjem av , so eg bruker litt tid på å skildra denne ”dåpen”: Først kom det 2 forslag : Baglar og Åsguten. På neste styremøte strøymde det på med fylgjande forslag : PIL , Smidig , Storåsen , Dølen , Grabben , Falk , Gjiljar , Viglar , Jøssingen , Rask ,Tyren , Bygdakammeraten , Hedd , Åskammeraten , Miar og Bøjar. Bøjar vann første røystinga , men alle var misnøgde med namnet!
Nytt møte og nye forslag : Viljen , Trim , Jerven , PIL , Åsguten og Ljon. PIL vann , men etter avtale skulle dei gamle namna falla vekk. Ny avstemming , og Viljen vann. Viljen var Olav Midthun sitt framlegg , men David O Kløve føreslo å nytte fleirtalsforma Viljar. Viljar vart namnet , og David O Kløve vart æresmedlem i laget.

Etterkrigstida
Me er då komne fram til etterkrigstida , den delen av lagsdrifta som eg reknar med er mest kjend for dei fleste her idag. For meg sjølv vil det eg no fortel bli meir og meir sjølvopplevd. Me har tidlegare høyrt at ski , friidrott og fotball er dei mest tradisjonsrike idrottane i laget. Men i 1946 kom ei ny Viljargrein på programmet. Då vart nemleg handballgruppa skipa. Dermed kom jentene for fullt , og handballgruppa skulle visa seg å verta både ”livskraftig og suksessfull” for å sitera Hordaland.

 

Sprek ungdom frå Viljar

Håndball
Håndballdamene vann KM 8 gonger i åra frå 1948 til 1967. Jubelsesongen var 1952 då dei i tillegg til å ta KM tittelen , kom heilt til 3. –runde i NM. (Dei vart til slutt utslått av Nornen etter ekstraomgangar). Margit Eggereide (f. Endeve) var sjølve drivkrafta i damehåndballen den lengste tida. Erfaring frå spel i toppklubben Tyrving kom godt med. (Ho varma alltid opp med Tyrving på ryggen for å skræma motstandaren) Me småkarane som var tilskodarar til dei mange harde håndballkampane på Palmafoss-grusen var imponerte av dei tøffe Viljarjentene. Og me hugsa korleis Margit inspirerte og kjempa og aldri gav opp. I tillegg hugsa me knallharde skot frå Kristi Skjerve og Ingebjørg Hydle. Dei hadde kjempekrefter frå hesjing og høylessing , og me kunne sjå kor flisene fauk av målstengene når skota trefte treverket. I mål stod Vetla Marta Norheim som ein levande mur og redda det meste. Det rauk nokre brillepar men ho var alltid lika blid.
Etter 1978 har damelaget ikkje stilt i serien. Etter kvart stilte Viljar også med herrehåndballag. Då vart det enno meir liv på Palmafossgrusen. Med Dag Midthun sin spenst , Knut Melve sine fintar , Eddien sin sjarm og Ivar Tøn sine ablegøyer i mål var underhaldningen på topp. Ikkje løye at det gjekk trill rundt for dei gamle dommarane med Arnfinn Gjeråker i spissen. Då håndballen vart inneidrott , og det enno ikkje var idrottshall på Voss , vart det ein naturleg slutt på Viljarhåndballen rundt 1980.

Andre aktivitetar
I tillegg til dei idrottane som alt er nemnde , har laget også drive med alpint , orientering , styrkeløft og prellball , for å nemnda dei mest kjende. Eg trur likevel at eg ikkje fornærmar nokon viss eg seier at skigruppa er den som har stått sterkast , og spesielt hopp , langrenn og kombinert.

Hopparane
Eg må få fortelja litt om det første sterke møtet eg hadde med Viljar og skisporten. Eg kunne vel vera 6-7 år gamal , altså i 1951-52. Det var ein knakande fin vinterkveld , måneskin og 10-15 kuldegrader (slik som det alltid var om vintrane før. Det skulle vera kveldshopprenn i Tønabakken , og eg skulle få vera med mor å sjå på. (Eg visste litt om skihopping , og hadde tørrtrena flittig frå kjøkkendisken heime). Synet som møtte oss då me kom opp forbi Lunden og såg Tønabakken , gløymer eg aldri. Bakken låg kvit og nytrakka , bada i flaumljos frå 2 rekker med 1000w lampar , og det var svart med publikumarar rundt bakken. Kor mange hundre som såg på veit eg ikkje , men det var reine folkevandringa frå Palmafossen , Vangen og Skulestadmoen. Dei fleste gjekk , nokon kom med hest og sluffeslede.
Hopparane var sjølvsagt kveldens heltar. Stramme karar med strekkbukse, beksaumarar , strikkagensar og topphuve med kvit rand. Dei stiligaste hadde kvite fingravottar og kvit skjorte og slips. Dei tøffaste sputta snus. Hopparane sveva høgt over kulen , det blafra iltert i vide strekkbukser og me fekk god tid til å sjå kva farge dei hadde på hopplakken under skia , Gul Fyk , eller raud Skipolin. Nokon gapa so høgt i svevet at me såg om dei hadde ete raspekaker eller spekesild til middag.

Vetle-Knuten ville verta skihoppar!
Den kvelden bestemte VetleKnuten seg for å bli skihoppar. Sjølv om eg seinare har fått oppleva fantastiske skifestar under O L på Lillehammar i 1994 og VM i Trondheim i 1997 , er det dette kveldshopprennet i Tønabakken som har gjort desidert størst inntrykk på meg. (Bakkerekorden i Tønabakken? Trur framleis det er usikkert om det er Birger Johannessen, Bulken 51,5m eller Sverre Kråkenes Fana 52,5m) Seinare fekk eg sjølv ei flott tid som skihoppar i Viljar. Som einsleg gutehoppar frå Tjukkebygda ,(før han Odd broder vaks til) vart eg godt mottatt hjå Kytarane der hoppmiljøet var.
Frå midten av 50-talet til midten av 60-talet var det Viljar og Kyte som hadde beste guta- og juniorhopparane i heile Hordaland Skikrets. Herifrå kom det storhopparar som Anders og Josef Draugsvoll , Odd og Øystein Repål , Arne Sleen , Jan og Sigmund Hereid og fleire. Grunnlaget vart lagt i Nerakytesbakken , og seinare Tønabakken og Bavallen. Me var ein flott gjeng som farta rundt heile fylket på hopprenn og hadde det utruleg kjekt. Ivar Tøn var litt eldre enn oss , og ein fantastisk inspirator og humørspreiar , og so hadde han bil. Ivar’n er den stødigaste skiløparen eg veit om. Viss de lurar på kven som hoppa 16,5m i Fjosbakken på aobrotna langrennski og med gummistøvlar på beina og sto fjellstøtt , so va da Ivar Tøn. Og viss de lurar på kven som fekk plass til 8 gutahopparar i fullt utstyr i ”Folkevognsboblo” si når me skulle i Bavallen på trening , so var det den same Ivar’n.
No er det ikkje so mange hopparar i Viljar , men eg kan jo nemna at den unge Lars Bystøl , som no er på landslaget , budde på Kyte , og lærde seg å hoppa i Lemmesbakken. Forresten fann eg ei gamal resultatliste frå hopprenn i Lemmesbakken 27.01.85 , og på lista var mange Viljarar med. Artig!

Langrenn og kombinert
Dei som har gjort Viljarnamnet mest kjent i større samanheng , er likevel langrennsløparane. Den første store var Kåre Hårklau. Rundt 1950 var han storløparen på Vestlandet og hadde topplasseringar både i NM og Holmenkollen. Etter at han trappa ned som aktiv dreiv han mange år som trenar , og har stor del av æra for at mange gode langrennsløparar fylgde etter. ”Nett som du ser Kåre Hårklau” , var den beste attesten unge løparar kunne få. Den neste store , var Arthur Vimo , Viljar sin første store Trønder (Den andre er festleiaren her i kveld). Arthur Vimo er opprinneleg frå Snåsa. Han kom til Voss i 1950 , fann seg kona , busette seg på Kvarekvål og byrja å gå langrenn. Frå ca 1955 til langt inn på 60taletdominerte han stort. På Vestlandet var han suveren , og i NM og Holmenkollen vart han som regel mellom dei 10-12 beste på 3- og 5mil (7 i NM og 10 i Kollen på 5 mil)
På 70-talet kom Odd Bakketun. Han forsto tidleg at viss han skulle bli god , måtte han slå storebroren. Og det gjorde han! Odd fekk med seg topplasseringar i jr NM i langrenn og kombinert (5 i langrenn og 2 i kombinert). Og fekk sogar representere med det norske flagget på armen. Gode seniorplasseringar i NM og Kollen også. På 80-talet kom Lars Selheim med mange gode løp. So mange at Kjell Kristian Rike hugsar han den dag i dag. På 90-talet kom Anja Veum. Den første jenta med topplasseringar og den første norgesmeisteren i laget då ho vann jr-NM i 1999. Kven blir den neste? Når eg nemner desse toppnamna , so er ikkje det fordi eg meiner dei nødvendigvis er viktigare enn alle dei andre i laget. Det er miljøet som betyr noko. Og der er alle medlemene lika viktige. Toppløparane veks som regel fram or eit godt miljø , og miljøet fylgjer ofte i fotspora til toppane. ”Det eine avlar det andre”.

Trim og mosjon har vore ein viktig del av aktiviteten i Viljar.
Me har hatt eiga Barne- og Ungdomsgruppe og eiga Trimgruppe. Me har hatt Barnetrim , Dametrim , og Herretrim. Og me har arrangert Langedalen Over , Joggekarusellar , Bømoløpet og Bømomarsjen. Dei siste har no vore arrangerte i over 20 år og er godt innarbeidde som tradisjonrike og populære tiltak for unge og gamle.

Fotball og friidrott tek me på neste jubileum
Eg trur ikkje tida tillet at eg går nærare inn på friidrotten og fotballen i Viljar denne gongen. Det får me heller ta ved neste jubileum. Men nokre ord om idrottsanlegga våre må me ta med. Sjølv meiner eg at beste idrottshallen er ute i ”Guds frie natur”. Men av og til må Vår Herre ha litt hjelp. Dette har Viljarane vore flinke til. Me har alt høyrt at Idrottsplassen på Palmafossen og Tønabakken vart bygde i løpet av dei 5 første åra. I tillegg var laget medeigarar i Kyte grendabad. Etter krigen låg idrottsplassen nede og måtte rustast opp att. Verre var det at idrottsplassen vart tatt til skuleplass då ”Nyeskulen” vart bygd. Og det skulle visa seg at laget vart utan Idrottsplass frå 1956 til 1973.
Med Einar J Grande som ustoppeleg eldsjel , vart den nye idrottsplassen , no også med løpebanar , opna i 1973.

Klubbhus og ljosløype på Palmafossen
Samtidig vart Palmafossen sitt grendabad flytta opp frå elvabardet og bygt om til klubbhus. Tønabakken vart lagt ned. Profilen vart umoderne , og stillaset rotna og datt ned. Flaumljoset vart flytt opp og montert i den nye Lemmesbakken. Etter kvart melde behovet seg for ljosløyper. Først kom 1km’n i Bømoen. Frå 1980 og framover er den løypa stadig utvida og utbetra til den løypa me har i dag , 10km ljosløype , og anlegg til å laga kunstsnø i 2,5km , samt Skileikanlegget. Bømoløypa eig me ilag med 3 andre lag.
Rundt 1980 bygde me også ljosløypa på Kyte , 1,5km. I jubileumsåret veit me at laget har sett i gang med nytt klubbhus. Lars Bystøl hadde planane klare for over 20 år sidan. Men då vart det valt å prioritere lagsdrifta , og utsetje bygging. I dag har styret eit godt planlagt byggeprosjekt som er sett i gang , og fortener stor ros for det. (Sperrene kom på i går).

NM att på Voss!?
Skal me ha litt vyer , so er det på tide å få eit NM på ski i Nordiske greiner til Voss att , det er 40 år sidan sist. Men i dag finst ikkje godkjendt anlegg til eit NM-arrangement i heile Hordaland fylke. Viljar har leiaren i Interimstyret for Voss Ski- og Tursenter i Skutle – Herresåsen. Blir dette realisert , har me anlegg. Eg seier ikkje meir!

Mange positive og flinke dugnadsfolk i laget
Eg har nemnt ein del namn i denne gjennomgangen , men det er berre ein brøkdel av alle som burde vore nemnde. Sjølv om laget har opplevd skiftande tider , har det gode miljøet og dugnadsånda vore dominerande.Eg våger å påstå at ”Viljarånda” er noko utanom de vanlege. Og eg har aldri vore ilag med so mykje positive folk som gjennom lagsarbeidet i Viljar.

Idrottslagsarbeid = barne- og ungdomsarbeid
Den beste måten å driva barne- og ungdomsarbeid på , er etter mi meining gjennom idrottslagsarbeid. Eg meiner ikkje at alle skal bli toppidrottsutøvarar , eller for den saks skuld konkurranseløparar. Men alle har godt av å driva fysisk aktivitet på eit eller anna nivå , og alle har nytte av å læra å takla både sigrar og nederlag. Er ikkje det stort sett det livet ”består av”?

Takk
Sjølv har eg utruleg mykje å takka idrottslaget for , både som ung og vaksen. Og til alle foreldre med småungar vil eg seia : Det er ikkje eit ork å selja lodd , jobba dugnad , smørja ski , køyra ungane på fotballtrening osv. Det er den beste investeringa de kan gjera både i eiga og ungane si framtid.

Til alle Viljarar: Til lukka med 70-årsjubileet. Lukka til med framtida! Takk for at de ville høyra på meg!