17.mai feiring på Vangen 2023

I år er det IL Viljar som står for 17.mai arrangementet på Vangen.

Program for dagen vert som tidlegare år:

10:30 Oppstilling til Barnetog – startar 10:00

Trase: Idrottsplassen – Gymnasvegen – Uttrågata – Sverresplass – Vangsgata – Kyrkja – Utesenen

11:00 Festgudstenesta

11:30 Gratis filmframsyning

12:00 Kransing av minnesmerke og monument

13:00 Russetalar

13:45 Oppstilling til folketog og russetog. – startar 14:00

Trase: Idrottsplassen – Gymnasvegen – Uttrågata – Sverresplass – Vangsgata – Kyrkja – Uttrågata – Skulegata – Voss ungdomsskule – Idrottsplassen

15:00 Høgtiding av dagen – Tale for dagen med Knut Bakketun

Elevar ved skulane på Voss vil gå rundt å selje program med meir detaljerte opplysningar, me håpar de kjøper dette og støttar IL Viljar sitt 17.mai arrangement. Det vert og mogleg å kjøpa program på Tinghuset, Rema 1000 Palmafossen, Martin Lid Byggtorget, Hageland og Rema 1000 Skulestadmoen. Ein stor takk til alle annonsørar som er med å støtta programmet.

17.mai arrangementet på Vangen krev ein stor innsats av dei idrottslaga som står som arrangør, me vil difor retta ein stor takk til alle som er med å bidreg på dugnad denne dagen. Utan dekan hadde ikkje detta vore mogleg. Me vil og oppmuntre alle som er på Vangen denne dagen til å gå innom salsstadane våre og støtta opp om arrangementet.

IL Viljar har 90 års jubileum i 2023. De kan lesa om Viljar historie i programmet, skreve av Dag Midthun og Åse Midthun. Samt teksten «gode minner omkring det frivillige arbeidet» av Laila Rynning Veum.

17.mai programmet får du kjøpt på Rema 1000 Palmafossen, Martin Lid Byggtorget, Hageland og Rema 1000 Skulestadmoen.

Me håpar på strålande sol og vil ynskja alle ei god 17.mai feiring