TYSDAGSTRIMMEN

So kjekt har me det på tysdagstrimmen🤩 Tusen takk til Odd Hagen som tok med seg trekkspelet og spelte for oss igjen😊 Tusen takk til Hamid Kargar og Arnulv Ringheim som stiller opp❤️ Velkommen til ALLE som har lyst å vere med på tur med sosialt samvær etterpå😃☀️ TYSDAGSTRIMMEN kvar tysdag kl.11:00-13:00. Rema 1000 sponser kaffi og boller så legg att portemoneen heime😄
Sjå video her: https://www.facebook.com/search/top?q=il%20viljar

TYSDAGSTRIMMEN er komen godt i gang
27. august 2021

TYSDAGSTRIMMEN er komen godt i gang og dei som har vore med kjem med gode tilbakemeldingar. Hamid Kargar, Arnulv Ringheim og Berit Brunborg har vore med som vertar, dei har tatt vel imot dei besøkande ved Viljarhuset både før tur og når turfolket kjem tilbake etter ein oppfriskande spasertur i vakre Bømoen. Det vert servert kaffi, vatn, boller og kaker til turgåarane mens praten går rundt bordene. Me i Viljar er særs nøgd med å ha fått i gang dette gode tiltaket og me håpar at enda fleire har lyst til å vere med på tur. Her er alle velkomne!!! Då sjåast me ved Viljarhuset kvar tysdag kl.11.00 og arrangementet varar fram til kl.13.00.