Om Viljar

Idrottslaget Viljar vart skipa 14.10.45 då Palmafosen IL og Kyte IL slo seg saman. Langrenn og fotball er hovudaktivitetane, men me har også ein aktivitetsskule, fotball for vaksne, volleyball, innebandy, og ei rekke arrangement året rundt.

Alle veit at på fanen vår står det 13.9.1933, men veit de noko meir enn det?

Den spanande historia til IL Viljar kan du lesa om i talen til Knut Bakketun laga til 70-årsjubileet 13.9.2003 i Grimshalli. Lagt ut med godkjening av artikkelforfattaren/talaren sjølv.

Du finn talen her. Avsnitta og overskriftene er ordna av Trond J. Rønning med godkjenning av artikkelforfattaren. God lesing… for dette er verkeleg god lesing for dei som har lyst til å vita litt om IL Viljar si historie i form av ein flott tale! Når ein les talen ønskjer ein nestan heilt sikkert at ein hadde vore der sjølv – om ein ikkje var så heldig.