Godt nytt år godtfolk!
Kanskje la du merke til at Viljarnytt ikkje kom i postkasso før jol, slik det har gjort i mange, mange år? Etter å ha vurdert litt att og fram dei siste åra, kom me i haust fram til at no var tida moden for endring av konseptet. Verda endrar seg, og med tanke på mellom anna miljø, økonomi og arbeidsbelastning landa me på at nytt format var det rette no.
Me veit at mange har satt pris på årleg oppdatering frå IL Viljar på papir, men me håpar at vår nye årskavalkade likevel vil falla i smak. Me minner samstundes om at ein kan fylgja IL Viljar på Facebook, og på den måten bli oppdatert på smått og stort som skjer i laget gjennom heile året.
Årskavalkade 2025
