Skigruppa til IL Viljar har tradisjonar langt tilbake i tid, og den har fostra skiløparar til både topp og breidde.
Målet til skigruppa er å tilby lågterskel skiaktivitet til alle. Me arrangerer aktivitetsskule og skitrening for alle frå førskulealder og opp til og med 7.klasse. Frå midten av oktober og fram til snøen kjem har me aktivitetsskule og barmarkstrening på Palmafossen. Så fort det er skiføre går me over til skileik og skitrening i Voss ski- og tursenter. Her er IL Viljar forøvrig medeigar, i tillegg driftar me lysløypa på Kyte.
Kvar vinter arrangerer me Viljarrennet, og ein Vossakarusell, i tillegg til eigne karusellrenn for klubben sine medlemmar. For skigruppa er ambisjonen at ungane skal kjenna på skigleda og meistring, og at dette skal resultera i gode skiferdighetar.