Trim

IL Viljar har i lange tide vore arrangør av trimtiltaka Bømomarsjen og joggekarusellane.

Bømomarsjen

Kvar haust arrangerer IL Viljar Bømomarsjen. Ein lågterskel trimtur for heile familien, med innlagt natursti. Bømomarsjen har røtter mange år tilbake i tid, og er truleg den trimmarsjen på Voss som har flest deltakarar.  Undervegs i den 6 km lange marsjen kan du få kjøpt deg skogskaffi og noko å bita i. Kvart år er det masse fine uttrekkspremiar, som me er så heldige å få god støtte til av næringslivet på Voss.

Joggekarusell

Joggekarusellen til IL Viljar er ein retteleg kulturbærar for klubben. Den har vore med oss i mange år, og vert fortsatt arrangert omtrent fire gonger i året. Her kan ein springa, gå, trilla eller krypa 1, 3 eller 5 km på tid eller utan tid. Eit familiearrangement i beste kvardagstid, der du kan få kjøpt deg ein vaffel etterpå. Kanskje vinn du til og med ein uttrekkspremie?