Viljar skal stå for 17. Mai feiringa i år

Våren nærma seg med stormskritt, og med den kjem 17.mai feiringa. I år er det Viljar som har gleden av å stå for rammene rundt dette arrangementet. Det betyr litt dugnadsinnsats for medlemmer og deira føresatte, men dette er ei stor inntektskjelde for idrottslaget, so me håpar på fint vær, glade ungar og eit flott arrangement.

17. Mai komiteen er på plass og er allereie godt i gang med planlegginga. Det er mykje som skal på plass, men me har mykje flinke folk med oss og me trur at det er mange positive medlemmer som vil bidra litt for idrottslaget denne dagen.

Me gler oss!

 

Komiteen