17. Mai!

Då er det ei veke att til 17. mai feiringa er i gang. Komiteen har det

meste klart og har tru på at det blir eit flott arrangement.

Vaktlister er sendt ut eller du har fått telefon om å bidra med ei oppgåve

knytt til gjennomføringa – me vonar alle stiller opp for laget denne dagen!

 

Skulle du ikkje ha fått ei oppgåve og har lyst til å gjere ein jobb, ta kontakt

med Kari Fosse Gjøstein, mobil 95130280.

 

Komiteen oppmodar alle som har høve til å stille i folketoget under Viljar si fane.

Den gruppa som stiller med flest % vis deltakarar får ei lita overrasking i ettertid

(fotball-lag, trimgruppe, ski….)

 

God 17. mai til dykk alle!

 

Mvh

Komiteen