Bømoløypa

 

IL Viljar er eit av fire eigarlag i Bømoløypa

Sameiga Bømoløypa er stifta og dreve av moderlaga/eigarlaga IL Viljar, Voss IL, Voss skiskyttarlag og Bjørgum IL. Lenkjer til desse samarbeidslaga ligg på Viktige weblenkjer (toppmenyen). Sjå under for meir info om kontaktpersonar, styret og drift.
Følg den flotte og verdifulle Bømoløypa på Facebook her.

Styret:
Jan Frode Seim (Voss IL), leiar. Tore Bryn (Voss skiskyttarlag), …….(Bjørgum IL), Nils Asbjørn Lie (IL Viljar) og Jon Spildo Prestegård (Voss kommune) er styremedlemmar.

Vararepresentantar:
Dag Midtun (Voss skiskyttarlag), Olav Klette (IL Viljar), ……… (Bjørgum IL), Kurt Andreassen (Voss kommune) og Borghild Haugo Ure (Voss IL).

Årsmøte 2013 i Bømoløypa 6 mai.

Litt om drifta og dugnadsarbeid:
Kvart moderlag/eigarlag betalar ein fastsett sum i året (for tida kr. 7500,-) til dette Sameiget, men i tillegg til dette er ein avhengig av økonomiske bidrag frå andre lag og private for å klara drifta slik ein vil for innbyggjarane på Voss og omegn si skuld. I tillegg foregår det kontinuerleg frivillig innsats med vedlikehald, rydding og løypekøyring. Denne innsatsen betyr særs mykje for Bømoløypa sin kvalitet og IL Viljar er glade for dette.

Langtidsavtale med grunneigar:
Sameiga Bømoløypa har langtidsavtale med grunneigar i området. Dette er bra for forutsigbarheit for at tilbodet fortset, ordna og ryddige forhold i høve bruk, reglar og ansvar, og at ein har eit tilbod for folk flest til mange ulike aktivitetar. Me meiner at desse momenta og Sameiget i seg sjølv er med på å sikra Bømoen som permanent friluftsområde framover. Dette er i alle moderklubbane og nok mange fleire lag og privatpersonar si interesse.

Lurar du som brukar på noko meir?
Spørsmål som gjeld bruk av-, drift-, støtte til-, og reglar i Bømoløypa kan rettast til leiar på mail: j-frodes@online.no Dette kan og vera formelle spørsmål om Sameiga Bømoløypa som t.d. ønskje om å verta moderlag/ eigarlag. Slik kan evt. laget få vera med på drifta av-, utviklinga til- og framtidsavgjerder for ein stor del av dette unike området som heiter Bømoen.