Tysdagstrim – Spasertur i Bømoen

IL Viljar ynskjer å starta opp med eit tilbod kalla «Tysdagstrim», dette skal være eit lågterskel tilbod til dei som vil ta seg ein rolig spaser-tur i Bømoen og ein lystig prat. Det passer for alle som har fri på dagtid og liker å være sosial. Me ynskjer å få kontakt med nokon som kan ta initiativ til eit slikt tilbod. Tanken er at det vert lagt til rette for ein tur tysdagar kl 11.00, etterfulgt av kaffi med noko attåt og prat i/ved Viljarhuset. Vil du, eller kjenner du nokon som kunne ta initiativ til dette? Ta kontakt med Leiar i Viljar, Harald østervold, på tlf. 41504243 eller e-post: evedder76@hotmail.com