Registrering – Hoopit!

Hei gode utøvar/føresatt/trener,

Viljar har valt å gå over til ein meir digital kvardag, og fyrste steg i den retningen er kommunikasjonsverktøyet Hoopit. Dette er ein app/nettside som administrerer heile idrettskvardagen, med alt frå treningstider, kampdagbok, medlemsregister som oppfyller krav i samband til personvern (GDPR), betaling av treningsavgift/kontingent, nyhendeoppdatering frå trenar/idrettslaget.

Alle medlemmar i idrettslaget må meldast inn i Hoopit. Det er veldig enkelt å melda seg inn, med gode instruksjonar undervegs.

Klikk på/bruk lenkja under for å komma i gang.

https://admin.hoopit.io/viljar-999001

Dersom du ikkje ynskjer å vera digital kan du senda ein epost til hindenes@gmail.com for registering.

Framgangsmåte:

1. På den første sida skal du legga medlemmet til rett gruppe. Trykk på laget/årskullet under den idrettsgreina som du eller barnet ditt skal registrerast på. Borna skal som hovudregel vera medlem i ei gruppe. Er det fleire gruppe som er aktuell melder du det til hindenes@gmail.com. Så legg med ei til. Dette kan vera greitt for å få med seg informasjon som skal gjevast. Vaksne skal som hovudregel vera støttemedlem. Sjå skjermdump av gruppene under.

2. Vidare vel du di rolle som føresatt eller utøvar. Og legg deretter inn alle opplysningar inne på «Legg til nytt barn i …………», eller eigne opplysningar som utøvar. Dersom du/ditt barn allereie er registrert, så skriv du inn personleg info og trykker «søk», så vil Hoopit henta frem den aktuelle brukaren.

3. Etter opplysningar er lagt inn og brukaren har blitt registrert på det rette laget, så kjem du attende til sida der du kan legga til fleire barn, enten i samme gruppe/lag eller på eit anna lag, eller vel å trykke ferdig.

4. Siste steg vil vera å lasta ned Hoopit-appen frå App Store eller Google Play.