BØMOMARSJEN 2021!

Bømomarsjen gjekk av stabelen den 24. Oktober i typisk friskt haustvêr😃 563 deltakarar tok turen til vakre Bømoen denne fine haustdagen. Folket gjekk den tradisjonelle 5km løypa, der svara dei flittig på meir eller mindre vanskelege spørsmål laga av godeste bømomarsj QuizMaster, Håkon Bø🧐 Det er ved fallskjermklubben det no er blitt tradisjon for å ha skogskafeen, der vart det grilla gode pølser, solgt lefser og ikkje minst kokt skikkeleg kaffe😋 der er det og mykje leik og morro for dei yngre mens dei som har fått nokon fleire år på baken kan slappe av og la praten gå😄 Me i Viljar må rette ei stor takk til fallskjermklubben for at dei lar oss vere der. Me i Viljar er stolt av å kunne arrangere eit slikt flott arrangement for Vossingar i alle alderar og for at det er vorte ein god årlig tradisjon for so mange🥰 Me seier tusen takk til våre støttespelarar som gjer sitt til at me kan arrangere og dele ut flotte premiar. Desse støttespelerane er: VEKSELBANKEN, VOSS ENERGI, SPORT 1, REMA 1000 PALMAFOSSEN, VOSS HUD OG HELSEKLINIKK, VOSS RESORT, GJERALDSTVEIT MASKIN, BYGGTORGET MARTIN LID, KIWI PALMAFOSSEN, VOSS REKNESKAP, HAGELAND og MYRKDALEN HOTEL.
Tusen hjertelig takk for alle som stiller opp på dugnad til dette arrangementet, utan dekan er ikkje slikt mogeleg❤️
Me ser allerede fram mot BØMOMARSJEN 2022😃