Støtt Viljar ved å kjøpe Viljarbrødet

No kan du støtte IL Viljar både ved å kjøpe det gode VILJARBRØDET og/eller bruke Viljar panteknappen når du panter flaskene dine på Rema 1000 Palmafossen. Ein kan og bruke vipps #13245 om du synest Viljar gjer noko bra, om du bruker parkeringsplassen vår på oppsida eller nedsida av Viljarhuset eller om du bruker fotballbanen eller nokon av våre andre fasiliteter. Det sjølvsagt og mogeleg å verta støttemedlem i Viljar, jo fleire medlemmar me får jo meir får me fra grasrotandelen i idrettsforbundet. Slik blir ein støttemedlem: Logg deg inn/opprett brukar på Min idrett, på menyen oppe går du inn på medlemskap. Trykk på finn ny klubb. Skriv inn Viljar i feltet og søk.

Viljar vil då kome opp som klubb nederst på søkefeltet, trykk her. Det kjem då opp eit nytt felt der ein kan velja fotball, turmarsj og ski.

Marker dei som passar for deg og send søknad.