IL Viljar er ein klubb for alle

IL Viljar er ein klubb for alle, og for dei som har utfordringer med økonomi. Me har inkludering som ein av våre kjerneverdier og er sjølvsagt vårt ansvar bevisst for økonomisk utenforskap. 

Idretten er ein viktig arena for veldig mange barn og unge. Det er ein viktig sosialiseringsarena og læringsarena, så vel som ein arena kor barn og unge utviklar seg både fysisk, psykisk og mentalt. Idrett skaper tilhøyrigheit, fellesskapskjensle og livslange vennskapsbånd. Alle bør få oppleve idrettsglede. Me må derfor vere oppmerksomme på korleis økonomi og kultur kan ekskludere – slik at alle barn og unge som ynskjer å delta i organisert idrett får mogelegheiten til det.

– Norges Idrettsforbund

Me har oppretta eit støttefond, Viljar-for-alle, kor alle kan søkje midler til aktivitet og utstyr. 

Formål

Viljar-for-alle sitt formål er å gje medlemmer i IL Viljar mogelegheita til å delta på aktiviteter saman med vennene sine som ein ellers ikkje ville kunne delta på grunna private økonomiske forhold. Det kan og søkjes om støtte til nødvendig utstyr.


Bruk av Viljar-for-alle
Det leggjes til grunn lav terskel for å kontakte klubben dersom det er spelarar som vurderes som å være i behov for å benytte midlene. Klubben kan kontaktes av trenere, foresatte eller spelaren sjølv. Midlar kan tildeles eit bredt spekter av aktiviteter. Eksempler kan være FFO/FEST, reisecuper, treningsleir, sosiale samlingar med laget eller nødvendig utstyr.

Midler kan tildeles for å dekke utgifter i sin heilheit eller dekke deler av utgiftene.

Konfidensialitet
Med bakgrunn i fondets formål og spesielle forhold, vil det være viktig med høg grad av konfidensialitet i søknader som behandles.

Korleis søkje?

Søknad sendes styreleiar@viljar.no med ei liten forklaring, samt navn og fødselsdato på medlemmet det gjeld.
Alle søknader blir behandla konfidensielt.